frå københavn,
og jæren, og bergen.
fredag 18. november 2011
mandag 19. juli 2010
Havet snakkar
Havet snakkar, eg høyrer det. Den har ei djup og trygg røyst, og snakkar jamt om noko viktig. Men eg veit ikkje kva det seier. Kanskje havet snakkar til båten, den som ligg der på kanten og kviler? Eg trur ikkje det. Av og til når ting er så nær gløymer dei å snakke saman. Det kan også hende dei kjenner kvarandre så godt at dei ikkje treng å seie noko, eg trur båten og havet har det slik. Fuglane snakkar også, men ikkje med havet. Det er som om alle er mest opptekne av å seie sitt.
tirsdag 29. juni 2010
Kvalross
tirsdag 1. juni 2010
Slanking
fredag 28. mai 2010
motorstopp
Det blei stille. Du var trøytt, men eg såg du vart glad. - Kom min veg, sa du, og eg ville berre èin stad. Etter å ha gått ut av vegen stoppa me opp. Eg såg på deg igjen, og hjarta gjorde eit kraftig byks. Du måtte gå. Det var nokon som venta, ei jenta. Hadde truffe ho i London, då likte ho ikkje menn, menn eg visste du var betre enn.
- Kan eg få to minutt med deg? sa eg, kjende meg liten. - Sjølvsagt, sa du, men det var denne briten. Så blei det stille igjen, uhyggjeleg stille.
søndag 16. mai 2010
Her er Ape
Ape er mjuk
og likar å liggje i mørke når han ser på tv.
Men han blir fort rastlaus.
Då klatrar han gjerne,
og sit seg på døra. Eg blir litt redd for han då.
Det er mykje betre når han heng med fillene!
Eg likar ikkje når han tullar rundt gasskomfyren!
Viss Ape høpp i planten,
eller legg seg i blenderen,må eg kjefte.

Då furtar han litt,
medan eg seier at det ikkje er noko å furte for.

Då furtar han berre meir,

og seier seg heilt ueinig.
Men der er alltid eit lurande smil,

og det går sjeldan lang tid før det er fart på han igjen.
Viss det heng litt etter

stikk han inn til onkel-Espen og leikar.
Då gløymer han snart,

og aktiviteten held seg på topp.
Heilt til han

snik seg inn og legg seg i senga mi.
Han skal sove no, Ape.
lørdag 8. mai 2010
Notat frå timen:
Pia: Min bror ville bli HIMMELMALER. Jeg ville bli barnehagekokk.
Ingeborg: Eg hugsar ikkje heilt, då eg har ønska forskjellige ting. Familieterapeut og utforkjører iallfall.
Lone: Jeg ville bli hallo-dame på NRK :)
Pia: Senere fikk jeg litt større ambisjoner. Jeg fant ut at jeg nok ville bli tannlege, eller mor. Det kommer en ny generasjon med såkaldte kombiyrker. Min kusine har planer om å bli bussjåfør og astronaut. Min søster skal bli popstjerne og astronaut.
Ingeborg: Då var eg litt forut mi tid.
tirsdag 27. april 2010
Eg vil kyssa deg bak eit tre
Eg vil kyssa deg bak eit tre
der ingen kan sjå oss,
forsiktig.
Eg vil halda lett rundt deg
når du held meg.
Forsiktig.
Ta håret mitt bak øyra,
for vinden bles
forsiktig.
Lyft meg opp,
sving meg rundt,
forsiktig.
Det kjem nokon!
Me må gå
forsiktig.
Er det berre meg,
eller held du og?
Forsiktig?
Var det i vegen
eller kjende du det
forsiktig?
Ikkje så høgt,
slepp meg ned,
forsiktig.
lørdag 24. april 2010
På veg heim
mandag 19. april 2010
Nok ein jordbæris
- Kor gamal er du eigentleg?
- Sytti.
- Sytti?
- Mm.
- Men,.. når er du født?
- 1931.
- Men då er du jo
- 1931, eg er sytti. Er fødd i juni og er sytti.
- Ok, så no i juni blir du enogsytti?
- Ja.
- Skal me gå å kjøpe jordbæris?
- Mm, ja.


